Bergensbanen er stengt etter at eit tog har spora av ved Myrdal.Vy melder på nettsidene sine at Myrdal-Mjølfjell er stengt for togtrafikk, og at det blir forseinkingar.Pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor seier ingen personar er skadde i hendinga.Dei fekk melding om hendinga rundt klokka 18.00.– Vi må heise på plass toget og undersøke om det er skader på infrastrukturen, seier Børseth til NRK.Kor lang tid det tek, er ukjent.– Inntil vidare snur toget og heile Bergensbanen er sperra, seier han.Både dei aust-og vestgåande toga må snu.Korleis trafikken går utover, og om nattoga blir påverka, er det Vy som må svare ut, seier han.– Kva er årsaka til avsporinga?– Eg har snakka med togleiaren, men han visste det ikkje. Men det er fleire moglege årsaker. Ofte vil slike avsporingar skje i samanheng med sporveksel, seier han.– Men det kan også vere feil med sjølve toget, eller ein feil på infrastrukturen, legg Børseth til.Kva fart toget hadde er ukjent, men sidan det skjedde i nærleiken av Myrdal stasjon, var truleg farten ikkje så høg, seier pressekontakten