Jonas Lovv avslutta juryprøven: – Trur eg fekk litt overtenning

Wait 5 sec.

Jonas Lovv var tydeleg spent før den viktige juryprøven onsdag kveld. Men ifølgje ESC-kommentatoren leverte han godt.– Kjempebra juryprøve som sat som eit skot. Han sklei litt på scena, men gjorde det til ein del av koreografien, seier ESC-kommentator Jim Ødegård Pedersen.Han trekker særleg fram formidlingsevna.– Han og Norge skal sjølvsagt til finalen!Artisten sjølv er godt nøgd.– Det kunne vel eigentleg ikkje gått betre, seier Jonas Lovv til NRK etter prøven.– Sklei du på scena, eller var det bevisst? – Kan vi ikkje berre late som om det var koreografi, og så håper vi det ikkje skjer i morgon? Eg trur eg fekk litt overtenning, seier artisten.