Politiet har pågripe ein person etter to husbrannar i Namsos. Personen er sikta for brannstiftelse.Naudetatane rykte først ut til éin brann, men oppdaga at det også brente i eit hus like ved. Det eine huset er totalskadd.Brannvesenet jobbar framleis med sløkking av det eine huset. Det var to vitne til hendinga som har pusta inn røyk. Desse har fått helsehjelp.Politiet meldte først at det også var ein struts på rømmen etter brannane. Dette viste seg å vere ein emu.Politiet søker no med drone etter emuen, opplyser Trøndelag politidistrikt.