Hilde Henriksen Waage, professor i historie ved Universitetet i Oslo, har fått godkjent innsyn i dokument i fleire av pappeskene i Terje Rød-Larsens kjellarbod, skriv Khrono.Økokrim kom over ei rekkje med pappesker med dokument i kjellaren til Rød-Larsen og Mona Jul då dei etterforska paret sine forbindingar til den avdøde seksualforbrytaren Jeffrey Epstein.– Eg søkte om innsyn i pappeska i eintal, men fekk beskjed om at eg fekk innsyn i innhald i pappeskene i fleirtal, seier Waage til Khrono.Waage trur det er dokument frå Oslo-prosessen frå tidleg 1990-tal i desse eskene.Ho har i årevis kravd svar om manglande dokument frå forhandlingane mellom Israel og Den palestinske frigjeringsorganisasjonen som Rød-Larsen og Juul var sentrale tilretteleggjarar for.