Antonio Nusa briljerte med heile to scoringar for RB Leipzig i kampen mot franske Lens.Nusa markerte seg allereie frå start og sørga for det andre av to mål for Leipzig i første omgang før det var gått ti minutt.Etter pausen var franskmennene litt meir på ballen og fekk utteljing då Matthieu Udol plukka opp ein retur etter eit blokkert skot og sette ballen i mål.Mot slutten sette Leipzig alle mann i angrep og Nusa fekk ein enkel jobb med å setta si andre scoring, få sekund før dommaren blåste av kampen.Stillinga blei til slutt 3–1 til tyskarane, medan Lens held fram med skuffande resultat.Den franske klubben vann den første kampen i Meisterligaen i haust, men har sidan gått på fire strake tap.9. desember møter dei Bodø/Glimt på heimebane.Martin Ødegaard og Arsenal spelte uavgjort mot Borussia Dortmund og Julian Ryerson.Det same gjorde Manchester City og Erling Braut Haaland som klarte å utlikna til 2–2 mot Napoli i det 86. speleminuttet.