Iran har gjennomført eit missilangrep mot ein amerikansk base i Jordan.– I dag avfyrte styrkar frå Den islamske revolusjonsgarden fleire ballistiske missil frå Iran i eit forsøk på eit overraskingsangrep mot amerikanske styrkar i Midtausten, skriv den amerikanske militærkommandoen for Midtausten, CENTCOM, på X natt til onsdag norsk tid.Alle dei iranske missila blei skotne ned. Amerikanske styrkar er framleis årvakne og i høg beredskap.Dette skal vere det første iranske missilangrepet mot ein amerikansk base i regionen sidan USAs president Donald Trump mellombels stoppa angrepa mot Iran fredag.