Fan omkom under Oasis-konsert på Wembley

Wait 5 sec.

Ein mann i 40-åra omkom under ein Oasis-konsert på Wembley i helga.Ifølgje politiet skal mannen ha falle frå ein balkong under konserten laurdag kveld.– Vi er sjokkerte og triste over å høyre om det tragiske dødsfallet til ein fan under gårsdagens konsert, seier bandet i ein uttale etter hendinga.Oasis ønskjer å uttrykkje sin djupaste medkjensle til familien og venene til den involverte personen.Sjølv om hendinga prega laurdagen, gjekk søndagens konsert som planlagt.Turneen held fram med konsertar i Edinburgh og Dublin, før bandet reiser vidare til Nord-Amerika og seinare Asia og Sør-Amerika.Turneen blir avslutta med konsertar i Buenos Aires, Santiago og São Paulo i november.(©NTB)