Norgesgruppen auka omsetninga med 5,6 prosent i første halvår, viser selskapet sine resultat. Selskapet tente 2,2 milliardar før skatt. Årsaka skal vere gode resultat frå tilknytt selskap, melder NTB.– Auken i omsetninga skuldast at fleire kundar handlar i våre butikkea. God kostnadskontroll gjer at vi kan konkurrere hardt på pris i ein marknad med sterk konkurranse, seier konsernsjef Runar Hollevik i er pressemelding.Norgesgruppen er eit landsdekkande handelshus med kjedekonsept som Kiwi, Meny, Joker, Spar, Mix, Jafs, Deli de Luca med fleire, i tillegg til det nasjonale grossistselskapet ASKO.– Norgesgruppen omsatte for 60,4 milliardar kroner første halvår 2025, ein auke på 3,2 milliardar kroner samanlikna med same periode i fjor. Resultatmarginen er 3 prosent, skriv selskapet i ei pressemelding.