Mann sikta for drapsforsøk etter knivstikking på tog

Wait 5 sec.

Ein 32 år gammal mann er sikta for drapsforsøk på ti personar etter knivstikking på eit tog i Storbritannia laurdag, melder Sky News.Han er i tillegg sikta for eitt tilfelle av kroppsskade og for å ha hatt på seg kniv, melder politiet.Alle dei elleve personane som blei skadde i angrepet, blei frakta til sjukehus. Ni av desse hadde det som blei rekna som livstrugande skadar.I løpet av helga har fleire blitt skrivne ut av sjukehuset. Søndag kveld var det ein person som hadde livstrugande skadar.Ein 35 år gammal mann blei også gripen etter angrepet, men blei seinare sett fri. Politiet meiner no at 32-åringen er den einaste gjerningspersonen.