Reuters: Vance er framleis i Washington

Wait 5 sec.

USAs visepresident JD Vance har ikkje reist til Islamabad i Pakistan for å delta i samtalar med Iran, melder Reuters.Vance skulle etter planen ha leia den amerikanske delegasjonen.Ei kjelde i Det kvite huset seier han skal delta i politiske møter i Washington.No er det uvisst om visepresidenten kjem til å reise til Pakistan.Våpenkvila mellom USA og Iran går ut onsdag, og partane skulle etter planen møtast i den pakistanske hovudstaden for samtalar.Men tysdag ettermiddag sa pakistanske styresmakter at heller ikkje den iranske delegasjonen hadde gjeve eit formelt svar på om dei kjem eller ikkje.