Fødselstala held fram med å stige i landet. I 2024 blei det fødd 54.472 barn i Noreg, viser ferske tal frå Medisinsk fødselsregister. Det melder Folkehelseinstituttet (FHI).Det er ein auke på 4,7 prosent frå 2022.Flest fødslar skjer i månadene mai til august, medan vintermånadene har lågast tal. Oslo har flest fødslar, medan Finnmark ligg lågast.Det kjem også fram i rapporten at talet på svangerskap med misdanningdiagnosar er nede på 4 prosent, det lågaste nivået sidan 2000.– Årsakene til det låge talet kan vere mange. Det kan vere tilfeldige variasjonar, men også til dels eit resultat av at gravide i aukande grad tar folsyretilskot og dermed førebygger nokre misdanningstypar, seier Liv Cecilie Vestrheim Thomsen, overlege ved Medisinsk fødselsregister i FHI.