President Donald Trump har benåda fleire sentrale personar som var involverte i forsøka på å omgjere resultatet av presidentvalet i 2020, ifølge USAs benådingsadvokat Ed Martin.Blant dei benåda er Rudy Giuliani, John Eastman, Mark Meadows, Christina Bobb og Boris Epshteyn, melder ABC News.– Denne proklamasjonen avsluttar ein alvorleg nasjonal urett som blei påført det amerikanske folket etter presidentvalet i 2020, og held fram prosessen med nasjonal forsoning, heiter det i benådinga.Trump er sjølv tiltalt i samband med forsøka på å omgjere valresultatet. No blir det presisert at benådinga ikkje gjeld han.– Denne benådinga gjeld ikkje presidenten i USA, står det i benådinga.Presidentvalet i 2020 enda med siger til Joe Biden, men Trump nekta å godta resultatet og hevda at valet var stole.I etterkant prøvde han og fleire støttespelarar å få omgjort resultatet gjennom rettssaker og politisk press, men forsøka lukkast ikkje.