Eit portrett måla av austerrikske Gustav Klimt blei i går kveld det nest dyraste måleriet som nokon gong er seld på auksjon.Prislappen kom på 236 millionar dollar – omtrent 2,38 milliardar norske kroner.«Portrett av Elisabeth Lederer» i full lengde og denne størrelsen frå høgdepunktet i Klimt si karriere er svært sjeldne, og ligg for det meste hjå store museum, seier auksjonshuset Sotheby's.